Kjetil Nordang Peab K Nordang foto Marius
NYTT GODT ÅR: Trass fleire mørke skyer i horisonten leverte dagleg leiar Kjetil Nordang i Peab K. Nordang eit nytt rekordstort overskot i fjor. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Har aldri hatt større overskot enn i fjor

Peab K. Nordang held fram med å gå mot straumen.

Marius Rosbach
16.06.2025

Allereie i fjor haust varsla dagleg leiar Kjetil Nordang i Peab K. Nordang at selskapet låg an til ny rekordomsetning for 2024. 

Rekneskapen som nyleg blei offentleg viser ei ny auke på drygt 40 millionar, til 834 millionar kroner i driftsinntekter i fjor.

Samtidig leverte entreprenørfirmaet med hovudkontor i  Stranda sitt største overskot nokon gong. Resultaeeetet før skatt enda på knappe 52 millionar (sjå tabell under). 

Tala gir ein  resultatmargin kring seks prosent, som er solid i ein bransje der mange har opplevd tøffe tider dei siste åra. Av overskotet vart drygt 15 millionar overført som konsernbidrag, og kring 25 millionar til eigenkapitalen. 

K. Nordang AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt834,6790,9
Driftsresultat37,539,8
Resultat før skatt51,948,3

I årsmeldinga går det fram at selskapet gjekk inn i 2025 med rekordhøg ordrereserve og at framtidsutsiktene ser bra ut. 

Eit meir uroleg verdsbilde gir samtidig eit usikkert bilde for bustad og næring i privatmarknaden.

I årsmeldinga blir det påpeika at det er store skilnader i dei ulike oppdraga – og at det er viktig å analysere risikoen allereie på stadiet då det blir gitt tilbod. Nordang fortalde til Nett No i fjor at dei hadde hatt nokre «utforkøyringar» - med prosjekt som blei kostbare. 

Eit næringsliv som gjekk godt, gjorde at entreprenørselskapet uansett har jamt med oppdrag, la Nordang til. 

Publisert: 16.06.2025 16:26

Sist oppdatert: 16.06.2025 16:30

Mer om