Kort fortalt
Kraftselskap meld for ørnedrap
Haramsøy-aksjonistar reagerer.
18.07.2022
Nei til vindkraft på Haramsøya har meldt vindkraftselskapet Zephyr til politiet i samband med at to ørnar er funne døde ved vindturbinane på øya.
Det skriv nettmagasinet Ksu.no.
Aksjonistane meiner driftsselskapet bryt med lova for dyrevelferd og naturmangfold, når det kun blir gjennomført søk etter døde fuglar kvar 14. dag.
Aksjonistane meiner det ikkje er godt nok, og vil at selskapet skal gjere meir for å stanse, eller redusere fugledød.
Publisert: 18.07.2022 16:21
Sist oppdatert: 18.07.2022 17:08