Kort fortalt

Kraftselskap positive til makspris

Tibber-sjef åtvarar.

16.09.2022

Dei store kraftselskapa er positive til å tilby fastpris på straum frå nyttår, men straumselskapet Tibber trur folk flest vil tape på det.

Regjeringa har foreslått at kraftselskapa skal kunne tilby hushald fastprisavtalar på straum i kontraktar over tre, fem og sju år. Det kan likevel bli dyrt viss prisane fell innanfor den perioden.

Fleire av dei store kraftselskapa i Noreg er positive til fastpris, skriv Aftenposten. Konsernsjef Eimund Nygaard i Lyse seier prisen må vere lågare enn dagens spotprisar.

– Så vil det alltid vere ein viss risiko både for straumprodusenten og kunden. Men eg har tru på at vi kan finne ei marknadsmessig fornuftig løysing, seier Nygaard.

PR-manager Kristian Myrseth i Fortum seier dei vil tilby fastprisavtalar med vilkår som er akseptable for alle, men trur ikkje hushalda ønskjer avtalar som går over tre til sju år.

Sjølv om dei fleste selskapa er positive, åtvarar Tibbers konsernsjef Edgeir Aksnes Vårdal.

– Gjennom tradisjonelle fastprisavtalar risikerer du å binde deg til ein avtale der du må betale for mykje for straumen i mange år, seier Vårdal.

Publisert: 16.09.2022 07:59

Sist oppdatert: 16.09.2022 09:12

Mer om