Kort fortalt

Kran-kontrakt til Seaonics

Skal levere til vindkraft-fartøy.

30.04.2024

Vard-eigde Seaonics skal lever rørslekompenserande kraner til to serviceskip for vindkraftindustrien som Vard byggjer for Windward Offshore. Det melder selskapet i ei pressemelding.

Det første fartøyet skal vere klart i 2025, det neste i 2026.

Storleiken på kontrakten i kroner er ikkje opplyst.

Publisert: 30.04.2024 16:23

Sist oppdatert: 30.04.2024 16:23