VARD 4 19 for Windward Offshore
TO BLEI FIRE: Windward Offshore-samarbeidet utvidar bestillinga hos Vard frå to til fire skip. Illustrasjon: Vard
Nytt

To nye havvind-skip til Vard

Kunde frå hausten 2023 kjem tilbake og bestiller to skip til.

22.01.2024

I oktober i fjor bestilte det nyetablerte partnarskap Windward Offshore to serviceskip for vindkraftindustrien. Ein del av avtalen var at kunder hadde ein rett - ein opsjon - til å bestille ytterlegare to fartøy, og no gjer kunden det, ifølgje ei pressemelding frå Vard.

Det er Vardselskapet Vard Design som har teikna dei 87,5 meter lange og 19,5 meter breie fartøya med plass til 120 personar.

To blir bygd på Nordvestlandet
Skroga til to av dei fire fartøya blir bygd på eit Vard-verft i Romania og utrusta ved eitt av verfta på Nordvestlandet. Dei to andre skal byggast på Vard sitt verft i Vietnam.

Dei fire fartøya skal leverast høvesvis i 3. kvartal 2025 og i første, andre og tredje kvartal i 2026.

Baks Windward Offshore står ASSC sin offshoregrein i Tyskland, Blue Star Group GmbH & Cie KG, Diana Shipping Inc, Seraverse GmbH og Searenergy Offshore Holding GmbH.

Held farta oppe
Med dei to nye kontraktane har Vard fått ein start på året som minner om slutten av 2023.

I desember åleine fekk Vard tre milliardkontraktar på ti dagar.

Kor stor Windward Offshore-kontrakten er ikkje offentleggjort, korkje for skipa det blei inngått kontrakt på i fjor, eller dei to som blei offentleggjort i dag.

Publisert: 22.01.2024 16:14

Sist oppdatert: 22.01.2024 16:42

Mer om