Kort fortalt

Krav på 12,1 millionar etter konkurs

Skulebygging i Sula sentralt.

31.03.2022

Kreditorlista etter konkursen i selskapet Johnsen Bygg veks seg større og dei samla krava er no oppe i 12,1 millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Drygt ti millionar av beløpet kjem frå entreprenørselskapet Hent, og er knytt til bygging av Rørstadmarka skule og ny fleirebrukshall i Sula.

Leiinga i det konkursråka selskapet meiner kravet er for høgt.

Konkursen blei opna i fjor sommar og ifølgje bustyrar Anders Svinø, er det ikkje funne verdiar i betydning i buet.

Publisert: 31.03.2022 10:08

Sist oppdatert: 31.03.2022 10:10

Mer om