Sunnmøre tingrett foto ogne
KONKURS
Nytt

Pandemi-stopp for oppussingsfirma

Konkurs etter skattekrav.

Marius Rosbach
29.03.2022

Måndag opna Møre og Romsdal tingrett konkurs i selskapet Odomal Bygg, som følgje av krav frå skattestyresmaktene.

Samla krav mot Langevåg-bedrifta er på drygt 357.000 kroner, ifølgje rettspapira. I tillegg skal tilsette ha uteståande løn og feriepengar.

Det skal kun vere mindre verdiar som verktøy og eit lite bankinnskot i firmaet som er registrert å drive med snikkararbeid.

Fekk koronaproblem
Eigar og dagleg leiar forklara seg i retten om utfordringane som møtte oppussingsfirmaet, som blei registrert ei veke etter at smittevernrestrikasjonar stengte ned Norge i mars 2020.

Han fortalte at firmaet fekk store problem med å utføre oppdrag som følgje av koronapandemien, og påfølgjande problem med å handtere gjelda.

Eigaren har óg forklart at han ikkje hadde erfaring med forretnigsverksemd, og kjente lite til det norske lovverket.

Hadde fem tilsette i arbeid

Så seint som i fjor var fem tilsette i arbeid. Verksemda var i gong på konkurstidspunktet, men no var berre dagleg leiar att.

Einaste tilgjengelege rekneskapet er frå 2020 og viser ei omsetning på 1,1 millionar og iet underskott på drygt 210.000 kroner.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 9. mai.

Publisert: 29.03.2022 11:24

Sist oppdatert: 29.03.2022 11:21

Mer om