Kort fortalt

Kredittkordgjelda auka i juli

Den totale forbruksgjelda har auka med 4,3 mrd. hittil i år.

01.08.2023

Auken kjem primært av at forbruk i feriemånaden først forfell til betaling i august, skriv Norsk Gjeldsinformasjon i ei pressemelding.

1. august var den totale forbruksgjelda i Noreg på 155,2 milliardar.

– Vi forventar at den renteberande andelen vil stige i august då mange ikkje har økonomi til å betale alle ferieutgiftene på forfallsdato, seier Gunn Tove Olvin, tenesteansvarleg i Norsk Gjeldsinformasjon.

Dei siste tolv månadene har forbruksgjelda auka med 4,9 milliardar kroner, forbrukslån med 4,6 og kredittkortgjeld har auka med 0,4 milliardar kroner.

(©NPK)

Publisert: 01.08.2023 13:20

Sist oppdatert: 01.08.2023 14:17

Mer om