Kort fortalt

Krev ferje kvart 20. minutt

Fylkesrådmannen vil ha to ferjer på Anda-Lote og avgangar kvart 20. minutt.

Ivar Myklebust Longvastøl
06.02.2014
Spørsmålet kjem opp i samband med ei høyring frå Statens vegvesen, skriv Fjordabladet.
Fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane skriv i si tilråding til samferdsleutvalet at ein bør gå inn for to ferjer på strekninga og auke frekvensen for avgangar til 20 minutt frå klokka sju om morgonen til sju om kvelden.
Anda-Lote er i dag trafikkert med ei ferje og det er avgang kvar halvtime på dagtid.
Anda-Lote på E39 mellom Gloppen og Eid er det tredje største ferjesambandet i Sogn og Fjordane, etter Mannheller-Fodnes og Lavik-Oppedal i Sognefjorden. Les meir .

Publisert: 06.02.2014 10:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21