Kort fortalt

Krev makspris for bedrifter på straum

virke foreslår to kroner per kWh.

10.01.2023
(NPK-NTB): Arbeidsgivarorganisasjonen Virke krev at bedriftene skal betale maks 2 kroner per kWh for straum.

– Bedriftene treng meir føreseielegheit, seier direktør for samfunnspåverknad Stian Sigurdsen i Virke til NRK.

Organisasjonen representerer rundt 25.000 bedrifter med til saman 300.000 tilsette.

Sigurdsen kallar maksprisen ein nødbrems.

– Den må vi få på plass. Så kan vi diskutere andre støtteordningar utover det, men vi må i alle fall sikre oss at ein aldri betaler over 2 kroner per kWh, seier han.

NRK har bede regjeringa om ein kommentar, men har ikkje fått svar.

(©NPK)

Publisert: 10.01.2023 08:48

Sist oppdatert: 10.01.2023 08:49

Mer om