NPK: Svært mange flypassasjerar kjenner ikkje til rettane dei har ved forseinkingar og kanselleringar. Kanskje gjer så mange som 75 prosent av flypassasjerane aldri krav på økonomisk erstatning dei har rett på.
Berre på Bergen lufthamn Flesland har passasjerar krav på 85 millionar kroner i erstatning for forseinkingar og kanselleringar i 2017, skriv Bergensavisen (BA).
– Det er svært mange som ikkje kjenner til rettane sine ved forseinkingar og kanselleringar. Skal eg gjette, vil eg tru at mellom 50 og 75 prosent av dei som er ramma ikkje veit kva dei har krav på. Det betyr at det årleg er fleire hundre millionar kroner som aldri blir utbetalt, seier landssjef i AirHelp i Norge, Andreas Hermansson, til BA.

Publisert: 06.02.2018 20:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39