NPK-NTB: Regjeringa krev at bankane bruker dei nye gjeldsregistera til å hindre uforsvarlege forbrukslån.
Forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier til at han trur dei nye registera vil føre til at bankane blir meir ansvarlege, men legg til at regjeringa vil stramme grepet dersom det ikkje skjer.
– Eg forventar at bankane tar det nye verktøyet i bruk, slik at det blir slutt på å låne ut pengar til kundar som har for mykje forbruksgjeld frå før av. Dersom dei ikkje gjer det, må vi finne fram pisken, seier han.
Aleksander Stokkebø (H), som sit i finanskomiteen på Stortinget, foreslår at eit alternativ kan vere å styrke sanksjonsmoglegheitene Finanstilsynet har overfor bankane.
– Dersom bankane held fram å låne ut i strid med utlånsreglane, tyder det jo på at sanksjonsmoglegheitene i dag ikkje er gode nok, seier Stokkebø.

Publisert: 01.07.2019 08:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33