Krevjande å kutte straumbruk i bygg
Vil vere behov for omfattande tiltak, ifølgje gjennomgang frå NVE.
(NPK-NTB): Det er mogleg å redusere straumforbruket i bygg med ti terawattimar innan 2030, men det vil krevje omfattande effektiviseringstiltak.
Målet om ti terawattimar redusert straumbruk i bygningsmassen, som vart lagt fram i handlingsplanen til regjeringa for energieffektivisering i fjor, betyr ein reduksjon på over 11 prosent frå i dag til 2030.
Ein gjennomgang NVE har gjort på oppdrag for Energidepartementet, viser at mangel på informasjon, kunnskap og tid gjer målet krevjande å nå.
– Samtidig er det viktig å erkjenne at fleire av tiltaka kan vere kostbare på kort sikt, seier fungerande direktør Ane Brunvoll i NVE.
Sintef har gjort ein analyse som ser på kostnader for energitiltak i både nye og eksisterande bygg. Den viser at økonomisk støtte på mellom fire og fem milliardar kroner per år kan utløyse investeringar som vil bidra til å nå målet.
– Effektivisering i bygningsmassen styrkjer kraftbalansen ved å redusere effektbehovet på kalde vinterdagar når behovet er størst. Og energieffektivisering bidreg til mindre naturinngrep fordi det avgrensar behovet for ny arealkrevjande kraftproduksjon, seier Brunvoll.
(©NPK)
Publisert: 12.03.2024 13:15
Sist oppdatert: 12.03.2024 13:15