NPK-NTB: Både LO og NHO meiner maskinskatten er kaotisk og støttar forslaget frå regjeringa om å fjerne den, men Kristeleg Folkeparti vil behalde skatten.
KrF vil ikkje fjerne eigedomsskatten på maskiner og installasjonar. Det kjem fram av det alternative budsjettet deira som blir lagt fram torsdag, skriv .
Regjeringa har foreslått ei utfasing av skatten over ein femårsperiode frå 2019 til 2023. På sikt vil dette bety at næringslivet sparer om lag 800 millionar kroner, mens kommunane taper tilsvarande. Samtidig vil staten ifølgje avisa auke sine inntekter med omkring 100 millionar kroner.
– Det er ei gedigen omfordeling mellom staten og kommunane. Er det éi sak vi har hatt massive tilbakemeldingar på, er det denne, seier kommunalpolitiske talsperson i KrF Torhild Bransdal.

Publisert: 01.11.2017 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41