(NPK-NTB): Krisepakken til regjeringa er innretta på ein måte som fremjar redusert aktivitet, og at folk risikerer å bli sagt opp, meiner NTNU-professor Ragnar Torvik.
Torvik er professor i samfunnsøkonomi. Han seier til at den nye tiltakspakken for bedriftene som no skal hastebehandlast i Stortinget, har fleire svakheiter og kan opne for at bedrifter kan spekulere i å redusere aktiviteten for å få støtte.
Føresetnaden for å bruke støttetiltaket er at selskap som kan vise til redusert aktivitet med meir enn 30 prosent i april og mai i fjor, vil få dekt delar av dei faste utgiftene. Dette meiner Torvik er feil, og at det burde vere omsetninga til bedriftene i mars som burde vore lagt til grunn, elles kan bedrifter spekulere i å redusere aktiviteten i april og mai for å få støtte.
– Dette er eit insentiv for å redusere aktiviteten i bedriftene og å setje folk på porten, men intensjonen er nettopp å unngå oppseiingar, seier Torvik til avisa.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) skriv til DN at forholda Torvik beskriv, er vurdert.
– Formålet med ordninga er å hjelpe levedyktige og sunne føretak som er hardt ramma av virusutbrotet. Viss grensa er for låg, er ikkje tiltaket målretta nok, og då vil heller ikkje ordninga vere i tråd med statsstøtteregelverket. Ei høgare grense aukar både insentivproblema og risikoen for at ein del av føretaka i målgruppa fell utanfor, seier Sanner.
(©NPK)

Publisert: 06.04.2020 09:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28