Kort fortalt

Kutt opnar ny marknad

Tidlegare offshoretilsette satsar på ny teneste.

13.12.2016
(NPK): Tidlegare tilsette i Farstad Shipping og andre reiarlag har trua på ein marknad for frittståande tenester og etablerer ei ny verksemd.
Maritime Support Group (MSG) får hovudkontor i Ålesund og har førebels fem tilsette, skriv Sunnmørsposten. Gruppa har assosierte selskap og representantar i fleire verdsdelar, og dei tilsette har lang erfaring med ulike funksjonar i større reiarlagsverksemder.
-Fleire reiarlag er i ferd med å byggje ned avdelingar for å spare pengar, men arbeidsoppgåvene er like omfattande. Med utfordringane som offshoreflåten har i dag, er det ein marknad for frittståande tenester. Reiarlaga som byggjer seg opp, kan klare seg med mindre organisasjonar og i staden kjøpe desse tenestene. Det er der vi kan hjelpe til, seier Geir Hjelle, som sjølv har jobba mange år hjå Farstad.
MSG skal mellom anna tilby teknisk støtte, hjelp til rekruttering og bemanning, opplæring og rådgjeving, reise og logistikk, IT og HMS. Hjelle trur den nystarta verksemda kan tilby støttefunksjonar rimelegare enn om reiarlaga kvar for seg skulle byggje opp avdelingar for dette.
-Vi har allereie fått oppdrag, og det er tydelegvis ein marknad for dette, meiner han.

Publisert: 13.12.2016 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43