Kort fortalt

Kuttar bompengegjelda med 500 millionar

Lågare utfgifter for bilistane.

14.12.2017
NPK-NTB: Rundt 30 bompengeprosjekt her i landet får no kutta gjelda med ein halv milliard. Det betyr lågare utgifter for bilistane.
For å sette fart på bompengereforma til regjeringa, som skal redusere talet på selskap frå 60 i dag til fem regionale selskap, er det oppretta ei tilskotsordninga for reduserte takstar utanfor byane.
Regjeringa fekk hausten 2016 støtte frå stortingsfleirtalet for å løyve eit årleg tilskot på 500 millionar kroner frå og med 2017. Tilskotet inneber at gjennomsnittsinntektene blir reduserte med minimum 10 prosent.
– Auka løyvingar til vedtatte vegprosjekt i tillegg til ein bompengereform for å redusere driftskostnader, bidrar til å redusere bompengebelastninga for bilistane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Publisert: 14.12.2017 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40