Kort fortalt

Kuttar flyruter

Widerøe kuttar i rutetilbodet.

11.12.2015
(NPK): Auka avgifter, varsla seteavgift og fallande marknad gjer at Widerøe legg ned tre ruter og kortar kraftig ned på mange andre avgangar.
Det er rutene mellom Stavanger og Newcastle, og sommarrutene frå Torp til Bodø og Evenes som blir lagt ned. Dei andre nedskjeringane rammar til saman 10 prosent av avgangane på dei kommersielle rutene til selskapet, fortel .
Kutta rammar rutetilbodet både i byane og distrikta. Rutene mellom Bergen og Haugesund blir til dømes redusert med 42 prosent, medan talet på avgangar mellom Bergen og Ålesund går ned med 14 prosent. Også rutetilbodet mellom Bergen, Molde og Kristiansund blir ramma. Nedskjeringane er her på 20 prosent.
Reisande frå Torp til Bergen og Stavanger får også færre avgangar frå Widerøe å velja mellom. Rutetilbodet går her ned med høvesvis 8 og 18 prosent. Passasjerar mellom frå Kristiansand og Bergen må på si side bu seg på 5 prosent færre avgangar.
Innstrammingane rammar i tillegg ein del andre avgangar mellom dei største byane og enkelte utanlandsruter. Flyselskapet varslar samtidig at dei ikkje kan sjå bort frå at dei må kutta endå meir.
– Vi er i ein situasjon der marknaden har gått ned i norsk luftfart og arbeidsgjevaravgifta har gått opp. Og frå nyttår aukar momsen, startavgiftene til Avinor og CO2-avgifta, seier administrerande direktør Stein Nilsen i ei pressemelding.
Han fryktar nedskjeringane vil bety dyrare flyreiser og dårlegare tilbod for næringslivet i distrikta. (©NPK)

Publisert: 11.12.2015 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49