Kort fortalt

Kvalbæsj viktig for økosystem

Inneheld mykje næringsstoff.

09.02.2023

(NPK-NTB): Vågekvalane rundt Svalbard slepper ut 600 tonn bæsj kvar dag om sommaren. Avføringa inneheld mange næringsstoff som er viktige for økosystem, viser ny studie.

Om sommaren beitar over 15.000 vågekvalar i havområdet rundt Svalbard. Kvar kval slepper ut rundt 40 kilo avføring kvar dag, noko som utgjer 600 tonn kvalbæsj per dag, skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

I ein ny studie har kvalforskarane samla inn prøver direkte frå avføringa til kvalar tekne i samband med kommersiell kvalfangst.

Prøvene viste at avføringa inneheldt mellom anna dei viktige næringsstoffa fosfor og nitrogen. Berekningar viste at dei 15.000 vågekvalane på Svalbard skil ut rundt 10 tonn fosfor og 7 tonn nitrogen kvar dag.

– Grovt berekna bidreg bæsjen frå vågekvalane til mellom 0,2 og 4 prosent av den daglege produksjonen av planteplankton i området. Det høyrest kanskje lite ut, men det er faktisk eit ganske solid bidrag, seier havforskar Carla Freitas.

Forskarane arbeider no med å analysere urinprøvene frå kvalane for å undersøkje næringsstoffa derfrå.

(©NPK)

Publisert: 09.02.2023 11:38

Sist oppdatert: 09.02.2023 11:39

Mer om