Kort fortalt

Kystverket satsar hybrid

Nytt fartøy får hybdridløysing.

22.12.2015
Det tredje nye multifunksjonsfartøyet til Kystverket, OV Bøkfjord, vert utstyrt med hybridanlegg. OV Bøkfjord kjem med det til å bruke mindre drivstoff, forureine mindre og kreve mindre vedlikehald.
Dette opplyser Kystverket på sin
Der vert det opplyst at Kystverket Rederi og Rolls Royce Marine AS signerte i dag ein kontrakt om levering av hybridanlegg til OV Bøkfjord, som er under hjå Hvide Sande Shipyard i Danmark, og er planlagt levert sommaren 2016.
– Dette er eit tidsmessig og framtidsretta miljøtiltak som vil vere med på å oppfylle reiarlaget sin del av den ambisiøse klima- og miljøstrategien til Kystverket, poengterar kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.
Hybridiseringa består av ein batteripakke på 850 kW som er fullt integrert i drifts- og automasjonssystemet til fartøyet. Batteria vert lada under drift samstundes som dei hjelper til og tek belastningstoppane på dei andre generatorsetta. På den måten unngår ein å starte ein ekstra motor når fartøyet til dømes arbeider i dynamisk posisjonering.
Batteripakken er også dimensjonert slik at fartøyet kan ligge til kai over natta utan bruk av hamnegenerator.

Publisert: 22.12.2015 20:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49