Kort fortalt

Kystverket skal merke 100 skjer

Det vert tryggare å ferdast på sjøen.

21.10.2015
(NPK-NTB): Då Kystverket bad om tips frå lokalkjende om undersjøiske skjer som bør merkast, fekk dei inn nesten 1.500 forslag. 100 skjer skal merkast før neste sommarsesong.
Det store talet på forslag medfører mykje arbeid med å finne ut kvar dei nye merka skal setjast ut.
– Vi må sjå på alle forslaga og vurdere dei, så det er ein litt større jobb enn vi så for oss. Ikkje alle forslaga er like seriøse heller, seier Thor Messel i Kystverket til . I alt vurderer Kystverket no 1.495 forslag.
Arbeidet er så vidt i gang, og dei første pålane er allereie oppe.
– Vi har sett opp fire i Oslofjorden og ein i Kristiansand, seier Messel.
Han reknar med at dei får opp mange merke i vinter. Målet er å få alle 100 opp før sommaren. (©NPK)

Publisert: 21.10.2015 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50