Kort fortalt

Lågaste straumprisar på tre år

Har ikkje vore billigare sidan slutten av 2020.

15.11.2023

(NPK-NTB): Den samla straumprisen for hushalda i juli, august og september var på det lågaste sidan fjerde kvartal i 2020.

Tredje kvartal i år har vore betre for den gjennomsnittlege norske straumforbrukaren enn på lenge. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at straumprisen gjekk ned 20 prosent frå førre kvartal. Tala er også eit godt stykke unna toppane i slutten av 2021 og 2022.

Den gjennomsnittlege straumprisen norske hushald har måtta betale dei siste tre månadene, inkludert avgifter, nettleige og straumstøtte var på 113,9 øre per kilowattime (kWh).

Prisane i fjerde kvartal 2021 og 2022 låg høvesvis på 164,8 og 162,2 øre per kWh.

Prisen for tredje kvartal i år ligg 4,1 prosent lågare enn gjennomsnittleg pris dei siste fem åra. Seniorrådgivar Thomas Aanensen viser likevel til store forskjellar rundt om i landet.

– Det er viktig å påpeike at prisane som blir oppgitt her er gjennomsnitt for heile landet. Det har vore store prisvariasjonar mellom prisområde i Noreg dei siste åra. I tredje kvartal var det mellom anna mykje høgare spotpris i Sørvest-Noreg enn i dei to andre prisområda i Sør-Noreg, uttaler rådgivaren i ei melding.

Årsakene til lågare straumprisar er fleire, men lågare gassprisar og høg fyllingsgrad i vassmagasina er to av dei største.

I enkelte periodar i tredje kvartal låg fyllingsgrada i magasina i Aust-Noreg over maksimal fyllingsgrad, og fyllingsgrada for landet samla sett var rundt medianverdien for perioden.

(©NPK)

Publisert: 15.11.2023 15:25

Sist oppdatert: 15.11.2023 15:25

Mer om