Labert år for Kjellen
Kjellen og dei andre figurane til Thomas Ryste med nytt år i minus.
For andre år på rad går Ryste Entertaiment med underskot.
Selskapet bak dei populære karakterane «Kjellen», «Palle» og countryartisten «Louis Myklebust» driv tradisjonelt i ein treårsyklus, det året etter at eit nytt show er lansert er toppåret økonomisk.
2020 skulle bli eit slikt toppår, men då kom korona og rytmen blei kraftig forstyrra.
Koronapandemien vara ved i 2021, og dei siste smitteverntiltaka som la ein dempar på underhaldningsmarknaden vart først oppheva i 2022, året etter at det førebels siste showet til Ryste Entertainment vart lansert.
Ryste Entertaiment er eigd av Thomas Ryste Holding, som Ryste eig saman med ektefellen.
I 2014 hadde Ryste Entertainment 7,2 millionar kroner i driftsinntekt. Neste toppår, i 2017 var driftsinntekta 5,7 millionar kroner. I 2021 var inntektene 3,3 millionar kroner.
Ryste Entertainment As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 2,3 | 3,1 |
Driftsresultat | -0,4 | -0,2 |
Resultat før skatt | -0,4 | -0,2 |
Publisert: 05.06.2024 08:13
Sist oppdatert: 05.06.2024 10:23