Toppaar for Kjellen
UNDER FØR-KORONANIVÅ: Thomas Ryste i Ryste Entertainment, som mellom anna står bak «Kjellen», har enno ikkje kome tilbake til inntektsnivået selskapet hadde før pandemien. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

«Kjellen» har ikkje kome seg heilt etter korona

Toppane ikkje like høge, men Ryste kan framleis unne seg millionløn.

01.03.2023

I 2014 hadde Ryste Entertainment 7,2 millionar kroner i driftsinntekt. Neste toppår, i 2017 var driftsinntekta 5,7 millionar kroner. I fjor var driftsinntekta 3,1 millionar kroner og eit lite underskot (sjå tabell under).

Treårssyklus blei forstyrra
Selskapet bak dei populære karakterane «Kjellen», «Palle» og countryartisten «Louis Myklebust» har drive i ein treårssyklus.

Gjennomsnittleg driftsinntekt for selskapet i åra 2012-2019 er 4,2 millionar kroner.

Tradisjonelt er året etter eit nytt show er lansert, det beste året økonomisk. Men den syklusen blei grundig forstyrra då koronapandemien kom i 2020. Sjølv om smitteverntiltak mot korona vart letta på, vart dei ikkje heilt oppheva før ut i 2022.

1,8 millionar kroner i løn
Thomas Ryste - mannen bak alle figurane - sette drifta på sparebluss i koronaåret 2020 og kom attende med premiere på nytt show i 2021.

Thomas Ryste Holding eig aksjane i Ryste Entertainment, som i fjor sysselsette eitt årsverk og betalte ut 1,8 millionar kroner i løn. Komikaren og kona Ida Rebbestad Ryste eig halvparten kvar av holdingselskapet.

Ryste Entertainment as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt3,13,3
Driftsresultat-0,21,2
Resultat før skatt-0,21,2

Publisert: 01.03.2023 11:58

Sist oppdatert: 01.03.2023 12:12