NPK: Fisken set seg ofte fast i gamle, tapte garn og døyr langsamt. Norske forskarar har no utvikla biologisk nedbrytbare garn som kan løyse problemet med spøkelsesfiske.
Fiskeflåten mistar om lag 13.000 garn kvart år som held fram å fange og skade fisk i fleire tiår etterpå, skriv . No har norske forskarar utvikla eit nytt garn som vert nedbrote på 3 til 4 månader.
– Dei mistar mykje av styrken sin på 3 til 4 månader. På slutten av sesongen vil stor fisk kunne klare å slite seg fri. Etter eit halvt år, maks eit års bruk, stoppar garnet å fange fisk, seier Eduardo Grimaldo ved Sintef om produktet.
Garnet vil vare om lag ein sesong. Grimaldo seier dei færraste fiskarane nyttar garnet meir enn ein sesong, og at det derfor ikkje vil vere eit problem at garnet mister styrken etter nokre månader. Førebelse resultat viser at ein fangar færre fisk ved å bruke det nye garnet, men produktet er framleis under utvikling.

Publisert: 06.08.2019 12:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33