Kort fortalt

Laksefly kan gi 10.000 færre vogntog

Vil eksportere fisk med store fraktfly frå Nord-Noreg.

09.06.2020
(NPK): Frå hausten skal det første såkalla lakseflyet ta av frå Bodø lufthamn. Byen blir den nordnorske basen for laksefly, og det betyr at store fraktfly som Boeing 777 og Airbus A330 kan ta med laks direkte frå Bodø lufthamn og ut i verda.
– Det er eit enormt potensial med å eksportere sjømat direkte frå Nord-Noreg og ut i verda, seier Elnar Remi Holmen i Bodøregionens Utviklingsselskap (BRUS) til
Selskapet har gjort eit estimat som viser at flyfrakt kan gi rundt 10.000 færre vogntog på norske vegar.
– Ein betydeleg reduksjon i talet på vogntog langs norske vegar betyr mykje for trafikktryggleiken. I tillegg har ein fått til fleire togavgangar mellom Bodø og Alnabru, som også vil bidra, seier Holmen.
Norsk Lastebileigarforbund tvilar på om trafikantane vil merke noko til miljø- og trafikksikkerheitsgevinsten utviklingsselskapet snakkar om.
– 10.000 færre vogntog i året svarar berre til eitt mindre vogntog i timen på eit målestad som Fauske. Resten av trafikken vil gå vidare som før, seier rådgivar Frank Lauritz Jensen i lastebileigarforbundet til statskanalen.
(©NPK)

Publisert: 09.06.2020 16:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26