Kort fortalt

Lakseforlik i USA

Betalar 817 millionar i erstatning.

27.05.2022

NPK-NTB: Oppdrettselskapet Mowi, Lerøy, Salmar, Grieg Seafood og to andre norske lakseselskap inngår eit forlik i USA. Til saman betaler dei rundt 817 millionar kroner.

Forliket kjem etter påstandar om konkurranseavgrensande åtferd, ifølgje E24. Selskapa vart saksøkte i 2019 for «ulovlig koordinering» i eit amerikansk massesøksmål.

Forliket er avhengig av godkjenning frå ein domstol i Florida.

Selskapa opplyser i børsmeldingar at dei meiner det ikkje er noko hald i krava mot dei, men at dei likevel har gått med på eit forlik.

Publisert: 27.05.2022 07:16

Sist oppdatert: 27.05.2022 07:19