Kort fortalt

Lakselab vil knekke lusa

 I desse dagar startar eit lakseluslaboratorium i Dirdal det femte forsøket på å ruste seg opp i kampen mot lakselusa

31.01.2014
(NPK): Laben håpar å finne nye metodar for å kjempe mot det største helsemessige og økonomiske problemet innan lakseoppdrett, skriv IntraFish.
I forsøket skal 16 forsøkskar med fisk få ulik diett. Ewos vil deretter følgje med på om noko av testfôret kan få færre lus til å feste seg til fisken. Dei fleste forsøka på laben er kopla opp mot Senter for forskingsdriven innovasjon, leidd av UiB.
– Senteret har som mål å bli verdsleiande innan lus og liknande parasittar ved å utvikle nye metodar for lusekontroll, seier fiskehelsebiolog Anne Kari Bjelland Osmo i Ewos Innovation til IntraFish.

Publisert: 31.01.2014 13:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22