Kort fortalt

Lakselaser enno ikkje effektiv nok

Laserstrålar mot lakselus fungerer i prinsippet, med metoden er enno ikkje effektiv nok.

21.10.2015
(NPK): Det meiner selskapet Sulefisk i Solund.
Sulefisk har vore med i eit pilotprosjekt for å teste laserteknologi i kampen mot lakselus, fortel . Etter eit år med bruk av teknologien er dagleg leiar Michael Niesar i tvil om medisinbruken har gått ned i anlegget.
– Det er ein del lus som blir skoten med laser, og det er ikkje tvil om at det fungerer i prinsippet, men effektiviteten er ikkje god nok. Vi har god tru på at det vil bli forbetra i framtida. Det er ei high-tech løysing, og vi er tolmodige, seier dagleg leiar Michael Niesar i Sulefisk.
Det er Stingray Solutions som står bak laserutstyret. Dagleg leiar John Arne Breivik viser til at eit varierande resultat i Solund kan kome av at området var hardt angripe av lus i fjor, men at ein ser framsteg i andre anlegg.
– Vi meiner absolutt at dette vil vere eit viktig bidrag til å løyse lakselusproblemet utan medikament. Det er sjølvsagt moglegheit for teknologiske forbetringar, og det skjer kontinuerleg, seier han til NRK. (©NPK)

Publisert: 21.10.2015 17:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50