Kort fortalt

– Laksemarknaden upåverka av brexit

Meir uroleg for kvitfisken.

24.06.2016
(NPK): Det britiske jaet til utmelding av EU får lite å seie for lakseeksportørane i Noreg, trur finansanalytikarane.
Sjølv om børsane fell etter folkerøystinga i Storbritannia torsdag, kan resultatet bli positivt for lakseeksportørane, skriv Intrafish.
Analytikar Tore Tønseth i Sparebank 1 Markets seier oppdrettarane i Noreg kan nyte godt av at krona no fell mot euro og dollar.
– Over tid vil likevel over halvparten av gevinsten av høgare pris bli eten opp av høgare fôrkostnader, seier Tønseth til Intrafish.
Analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets, er einig i at brexit i sum kan vere positivt for lakseprodusentane.
– Det går nok mindre laks til Storbritannia med eit svakt pund. Dei kjem til å byte ut norsk laks med skotsk laks, som det dermed kjem til å gå mindre av i andre marknader, som igjen da kjem til å trenge meir norsk laks. Det blir eit nullsumsspel, seier Giskeødegård.
Han er meir uroleg for kva som no kan skje i kvitfiskmarknaden, der Storbritannia er ein viktigare marknad for Noreg.

Publisert: 24.06.2016 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45