Kort fortalt

Laksenæringa går så det susar

Den svake krona gir frisk vind i segla for sjømatnæringa.

06.10.2015
(NPK): Sjømatnæringa set denne veka nye rekordar og slår alle andre næringar ned i støvlane på Oslo Børs.
– Fisk knuser energi på Oslo Børs, seier sjømatsjef Anne Hvistendahl i DNB til .
Avisa fortel at laksenæringa no notere seg for ikkje mindre enn tre rekordar:
For det første viser dei førebelse tala for tredje kvartal ein gjennomsnittleg laksepris på rekordhøge 40 kroner per kilo.
For det andre er lakseaksjane no det som gir den beste totalavkastinga til aksjonærane, ifølgje ein gjennomgang som konsulentselskapet Boston Consulting Group har gjort blant dei 175 største børsnoterte selskapa i Norden.
For det tredje er sjømatindeksen på Oslo Børs høgare enn nokon gong før.
Marknadsverdien for dei elleve børsnoterte lakseselskapa er på 114 milliardar kroner, ifølgje IntraFish.
– Fiskeaksjane knuser òg råvareaksjar som til dømes Hydro, som òg nyt godt av den svake krona, seier Hvistendahl.
Ekspertane er einige om at laksenæringa takka vere den låge kronekursen no unngår prisvariasjonane som vanlegvis kjem på hausten.
– Sjølv om lakseprisen det siste året har gått opp 23 prosent i norske kroner, har han berre auka med 9 prosent målt i euro. Laksen blir relativt sett billegare i eksportmarknadene, og det er bra for selskapa. I denne perioden har den norske eksportøren fått over halvparten av valutagevinsten, forklarer Hvistendahl.
Av dei åtte bransjane Boston Consulting Group har undersøkt i Norden, gir fiskeoppdrett den største samla avkastinga. Næringa har òg den største omsetningsveksten og gir dobbelt så stort utbytte som energisektoren.
Oppdrettsselskapa Lerøy, Salmar og Marine Harvest ligg alle på topp fem-lista over dei norske selskapa som har den høgste verdiskapinga for aksjonærane, alle tre med ei årleg avkasting på over 20 prosent dei siste fem åra og enda høgare dei siste tre åra. Den siste treårsperioden er Salmar vinnaren. (©NPK)

Publisert: 06.10.2015 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50