Kort fortalt

Lakseprisen jamnt over 100 kroner

For lite fisk i marknaden.

NPK
20.04.2022

For lite laks i marknaden har ført til at lakseprisen har etablert seg på eit rekordhøgt nivå på godt over 100 kroner per kilo.

– Dette er eit farvatn vil aldri har vore i før. 110 kroner kiloen er historisk høge prisar, og fantastisk for dei som får ta del i det, seier Tor Hjalte som er driftsdirektør for lakseeksportøren Norwell i Florø til NRK.

I september gjekk laks for litt over 50 kroner per kilo.

– Vi har betalt 106, 107 og 108 kroner for tysdagspakking og 1,50 kroner lågare for onsdag, torsdag og fredag, uttalte ein eksportør til iLaks.no midt i påskeveka. – Det har tørka opp denne veka. Rett og slett for lite fisk, sa han.

Ifølgje Noregs sjømatråd er det eksportert 359.804 tonn laks (rekna om til rund vekt) frå marknadsleiar Noreg i år. Det er ein volumreduksjon på halvannan prosent frå same periode i fjor.

For laksebransjens nest største produsent, Chile, er fallet i tilførsel av fisk vesentleg større, ifølgje iLaks.no, som også fortel at det verserer ikkje stadfesta meldingar om redusert slakteaktivitet i Skottland og Færøyane.

Publisert: 20.04.2022 07:35

Sist oppdatert: 20.04.2022 07:36

Mer om