(NPK-NTB-AFP): Aldri før har det vore fleire kvinner i maktposisjonar i verda. Men trass i at mektige land som Tyskland, Storbritannia og potensielt USA blir leidd av kvinner, er mennene framleis i massivt overtal.
Hillary Clinton ligg an til å bli USAs første kvinnelege president, og i Storbritannia tok Theresa May over makta i førre månad – 37 år etter at Margaret Thatcher knuste glastaket for første gong.
I Tyskland har Angela Merkel vore statsminister sidan 2005, mens land som Sør-Korea, Chile, Brasil og Bangladesh også er leidd av kvinner – så vel som det internasjonale pengefondet IMF.
Ein studie gjort av Pew Research Center viser likevel at kvinner berre leier rundt ti prosent av medlemslanda i FN.
Sjølv om talet på kvinnelege leiarar er dobla sidan 2005, er det langt ifrå norma å ha kvinnelege leiarar, ifølgje studien.
Noreg, Finland og Island blir trekte fram som land som er godt vande med kvinnelege statsleiarar, mens Sør- og Søraust-Asia og Sør-Amerika gjer det betre enn resten av verda, ifølgje UN Women, FNs organ for å kjempe imot kjønnsforskjellar. (©NPK)

Publisert: 09.08.2016 08:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44