Kort fortalt

Lavare vindkraftproduksjon

Vindkraftproduksjonen ned for første gong sidan 2016.

21.04.2023

Produksjonen av vindkraft i første kvartal var 5 prosent lågare enn same kvartal i 2022. Det er første gong sidan 2016 at det er nedgang i første kvartal.

Nedgangen er på 0,2 TWh, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vindkraftproduksjonen har hatt ein stabil vekst i fleire år. At vi no ser eit brot i den trenden, handlar om at det blir bygd ut mindre vindkraft no enn for nokre år tilbake, seier rådgivar Ståle Skrede.

Investeringar i ny produksjonskapasitet nådde toppen mellom 2019 og 2020 og har falle mykje sidan 2021. Ei årsak til nedgangen er utfasing av den norske el-sertifikatordninga frå 2021.

– I tillegg kan det verke som har det vore eit generelt stemningsskifte i befolkninga der motstanden mot vindkraft på land har auka, seier Skrede.

Publisert: 21.04.2023 08:31

Sist oppdatert: 21.04.2023 08:31

Mer om