Kort fortalt
Lege konkurs med milliongjeld
Pådrog seg stort skattekrav.
Marius Rosbach
22.09.2021
Ein sjølvstendig næringsdrivande spesialistlege på Sunnmøre er konkurs etter krav frå Skatteetaten.
Enkeltpersonføretaket har pådrege seg skattegjeld til på meir enn 1,6 millionar kroner, ifølgje avgjerda i Møre og Romsdal tingrett måndag.
Bakgrunnen er ifølgje rettspapira manglande innlevering av skattemelding over fleire år. Legen erkjente skatteskulda, og motsette seg ikkje konkursopninga.
Publisert: 22.09.2021 11:30
Sist oppdatert: 22.09.2021 11:31