Debeljak hevdar å ha gått til søksmål
Rekneskapen til den tidlegare Kleven-eigaren sitt norske selskap, viser også tapa i verftsinvesteringa.
Tidlegare Kleven-eigar av Kleven, Tomislav Debeljak, har fleire gonger truga med søksmål og rettslege skritt etter konkursen ved verftet i Ulstein.
I årsrapporten til den kroatiske forretningsmannen sitt norske selskap, Div Shipbuilding Norway, skriv leiinga at selskapet har gått til søksmål og krevjer erstatning for skader dei er påført.
NETT NO spurde måndag Div Group sin pressetalsmann om fleire detaljar om søksmålet, men har ikkje fått svar tidleg onsdag.
Buet vurderer søksmål mot Debeljak
Rekneskapen i det norske selskapet ble offentleg denne veka, men er datert i slutten av juni.
I ettertid har buet etter Kleven-konkursen konkludert med at dei held Debeljak personleg ansvarleg for verftskonkursen. . Bustyrar Bjørn Åge Hamre opplyser til NETT NO at dei i løpet av september skal ta stilling til om dei skal stemne Div Group-eigaren.
Hamre fortel at han ikkje er kjent med søksmålet som er omtala i rekneskapen til Div Group-selskapet.
Eit søk i rettslistene for dei neste fem månadene, viser at det førebels ikkje er sett opp saker der Div Shipbuilding Norway er involvert.
Ukjent med søksmål
Sparebank 1 SMN har tidlegare vore skyteskive for skuldingar frå Tomislav Debeljak, fordi dei sa opp låneavtalen som førte til at verftsselskapa gjekk konkurs.
– Vi er ikkje kjent med eit slikt søksmål, fortel banksjef Rune Malvik i Sparebank 1 SMN til NETT NO.
Også dåverande verftsdirektør Kjetil Bollestad har vore utsett for skuldingar frå Debeljak, men han fortel til NETT NO at han ikkje er kjent med at det skal vere levert inn søksmål.
Tapte ti millionar på Kleven
Div Group-eigar Tomislav Debeljak meiner det var feil av banken å seie opp avtalen med verftet før konkursen i juli 2020, og har hevda at økonomien var betre enn kreditorane hevda.
I årsrapporten til Div Shipbuilding Norway kjem det også fram at dei investerte ti millionar kroner i samband med kjøpet av Kleven. Dei ser på investeringa som tapt, og har skreve ned verdien til null.
Selskapet har ikkje hatt driftsinntekter i 2020, men har hatt andre driftskostnader på fem millionar.
Publisert: 25.08.2021 05:55
Sist oppdatert: 25.08.2021 06:45