Kort fortalt

Legg ned Stranda og Måløy

107 skattekontor skal verte til 53.

01.06.2016
Forslaget til ny kontorstruktur blir overlevert onsdag til Finansdepartementet, skriv Skatteetaten i .
Av kontora som er foreslått nedlagde, er skattekontora på Stranda og i Måløy.
Derimot vil ein oppretthalde kontora i Ålesund, i Ulsteinvik og på Nordfjordeid.
– Vi ser at fysisk nærvær i dag er mindre påkravd for vår informasjon, rettleiing og kontroll av skattytarar. Ved å slå saman skattekontor, får Skatteetaten større fagmiljø som er betre skodd til å løyse skatteutfordringane i samfunnet, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
Berre dei siste fire åra er talet på fysiske besøk på skattekontora nesten halvert.

Publisert: 01.06.2016 12:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46