Kort fortalt

Legg ned to Coop-butikkar

Rovde og Åheim stenger snart dørene.

28.04.2023

Coop Nordvest legg ned butikkane sine på Rovde og Åheim i løpet av det neste halvåret, fortel administrerande direktør Arild Sørlien til avisa Synste Møre.

– Bakgrunnen er omsetjing og resultatutvikling for begge over tid. På Rovde har vi sett raude tal over lang tid, og på Åheim har vi sett ein nedgang frå 2020, og berre tre år med overskot dei siste ti åra, seier han til avisa.

I fjor la Coop ned butikkane sine på Leikong, Larsnes og i Tjørvåg på søre Sunnmøre.

Publisert: 28.04.2023 14:42

Sist oppdatert: 28.04.2023 14:42

Mer om