Kort fortalt

Legg ned trafikkskule etter 45 år

– Vanskeleg å få kabalen til å gå opp, seier grunnleggjaren.

14.11.2025

Åm Trafikkskule i Furene er lagt ned, og der er ikkje lenger drift eller aktivitet i skulen, skriv Møre-Nytt. 

Grunnleggjar og medeigar, Oddvar Åm, fortel til avisa at tidende har endra seg og at drifta er blitt meir krevjande. 

– Utgiftene har auka og inntekter minka, satsing og investering på store elbilar krev så store kostnader at det vil vere vanskeleg å få kabalen til å gå opp, fortel han.

Åm Trafikkskule blei etablert i 1980 som ein rein storbilskule. Sidan blei det bygd internatskule og verksemda blei utvida. No er kundemassen overført til andre i bransjen, ifølgje Åm. 

Publisert: 14.11.2025 11:40

Sist oppdatert: 14.11.2025 11:40

Mer om