Kort fortalt

Leiarar mest bekymra for dataangrep

Kvar fjerde verksemd for dårleg sikra.

08.01.2018
NPK-NTB: Norske leiarar fryktar dataangrep meir enn konjunkturnedgang eller finanskrise, ifølgje ei ny undersøking.
Samtidig som frykta for dataangrep er størst, oppgir kvar fjerde verksemd at dei ikkje er godt nok sikra mot dette, skriv Finansavisen. Det er revisjons- og rådgjevingsselskapet BDO som har gjennomført ei undersøking blant 1.500 norske leiarar i offentleg og privat sektor.
– Norske verksemder har framleis ein lang veg å gå når det gjeld å byggje opp ein organisasjon som handterer IT- og cyber-risiko på same måte som anna verksemdsrisiko, seier leiar for BDOs operative IT-sikkerheitstenester Chris Culina.
– Det er ein litt underleg observasjon. Det betyr at ein er redd for at det skal begynne å brenne, men droppar å installere røykvarslar og sløkkeutstyr, legg han til.
Dataangrep toppar framfor konjunkturnedgang på lista over det norske leiarar bekymrar seg mest for. Dei tre neste punkta er finanskrise, negativ mediemerksemd og betydeleg bortfall av tilsette.

Publisert: 08.01.2018 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40