NPK-NTB: Regjeringa senkar kravet til eigenkapital for bustadlån frå 15 til 10 prosent frå 1. januar.
Det skriv dei i ei pressemelding onsdag morgon, der det heiter at dei elles i hovudsak fører vidare dagens krav i utlånsforskrifta.
Eigenkapitalkravet avgjer kor stor del av verdien på bustaden ein sjølv må stille med for å få bustadlån.
– No senkar vi kravet til eigenkapital for bustadlån frå 15 til 10 prosent. Eg er oppteken av at det skal vere trygt og godt å eige bustad i Noreg og at flest mogleg skal få høve til å eige sin eigen bustad. Endringa kan bidra til at fleire kjem seg inn på bustadmarknaden, samtidig som ei vidareføring av forskrifta bidreg til tryggleiken i økonomien, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Noregs Bank foreslo å senke eigenkapitalkravet til 10 prosent i oktober.
Publisert: 04.12.2024 08:12
Sist oppdatert: 04.12.2024 08:12