Kort fortalt

Likestillingsmidlar til fiskerinæringa

Aktørar blir oppmoda til å søke.

11.09.2023

(NPK): Regjeringa vil bruke to millionar kroner på likestillingsarbeid i fiskerinæringa neste år, og oppmodar aktørar i fiskerinæringa til å søkje om pengar.

– Det skal vere trygt å vere fiskar om bord på alle fiskebåtar, uansett. Sjølv om mange har komme langt, har næringa framleis ein jobb å gjere. Eg håpar at desse prosjekta bidreg til at vi banar veg, ser fleire kvinner i fiskerinæringa og får betre kjønnsbalanse i fiskaryrket, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.

Regjeringa erkjenner at fiskerinæringa framleis har ein jobb å gjere på likestillingsområdet. Derfor gir dei no 2 millionar kroner til likestillingsprosjekt. Både privatpersonar og bedrifter, institusjonar, organisasjonar eller stiftingar innan fiskerinæringa kan søkje om støtte.

Prosjekt og tiltak som kan bidra til rekruttering av kvinner som fiskarar og fiskebåtreiarar vil bli prioritert. Prosjekta som får pengar skal komme fellesskapen til gode, og ha eit nasjonalt, regionalt eller lokalt nedslagsfelt.

Søknadsfristen er 1. november i år.

(©NPK)

Publisert: 11.09.2023 09:09

Sist oppdatert: 11.09.2023 09:09

Mer om