Kort fortalt

Likevel kaisal av fisk på Vestlandet

Gjeld Hordaland og Sogn og Fjordane.

21.12.2016
(NPK): Vest-Norges Fiskesalslag gir fiskarane dispensasjon for å selje fisk frå kai. No kan det bli kaisal både på Fisketorget i Bergen og i Sogn og Fjordane.
Fiskesalslaget snur no på heile dispensasjonsordninga frå å gjelde sal av kreps, krabber og hummar, til også å gjelde sal av fersk fisk frå båt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det vart vedteke i styremøtet i fiskesalslaget i helga, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
Dei siste vekene har ein Sotra-familie selt fisk frå båten på Sukkerhusbryggen i Bergen. Tidlegare har det ikkje vore gitt dispensasjon til kaisal for fisk. Det har vore gitt 87 dispensasjonar til sal av kreps, 82 dispensasjonar til sal av krabbe og 24 til sal av hummar.
– Vi har mange dispensasjonar på sal av kreps, krabbe og hummar. Det er klart at det som har komme fram i media er vrangforestilt som om vi har prøvd å stogge Skoge-familiens sal av fersk fisk frå båt. Det er ikkje riktig. Dei sel fisk andrehands, som har vore innom mottak. Det var faktisk eg som foreslo for dei å gjere det på denne måten, seier direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag til Fiskeribladet Fiskaren.
– Skoge-familien har fått lov etter regelverket. Det undrar meg at fiskarar ikkje har selt meir, seier Aasebø.

Publisert: 21.12.2016 08:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43