More Woman foto More Woman Førde 11
STENGT: Dei fire More Woman-butikkane i Volda, Voss, Førde, Sogndal stengte dørene etter konkursane i vinter. Foto: More Woman Førde
Kort fortalt

Lite til kreditorar etter Volda-konkursar

23 tilsette missa jobbane sine.

18.03.2024

Kreditorane kan ikkje rekne med å få dekka tapa sine i samband med dei fire konkursane i Møre Konfeksjon, Møre Konfeksjon Bergen, Møre Konfeksjon Volda og Konfeksjonsindustri As.

Det skriv Sunnmørsposten.

Ifølgje ei melding frå bustyrar Jørund Knardal til Møre og Romsdal tingrett, blei varelageret selt til Møre Konfeksjon As Tønsberg, som framleis driv butikk i Porsgrunn.

Dei samla krava i samband med dei fire konkursane var på drygt åtte millionar kroner.

23 tilsette missa jobbane sine då selskapa melde oppbod i vinter. Kraftig inntektssvikt ved starten av året var mellom årsakene til at det blei slutt på den nær 70 år lange historia for kle og tekstilbedrifta.

Volda-bedrifta har røter tilbake til 1956. Då blei verksemda starta av Martin Aarseth og kona Brynlaug under namnet Møre Konfeksjonsfabrikk.

Publisert: 18.03.2024 12:00

Sist oppdatert: 18.03.2024 12:00

Mer om