More Woman foto More Woman Førde 11
TRULEG SLUTT: Det er truleg slutt på den nær 70 år lange historia for kle og tekstilbedrifta Møre Konfeksjon. Kleda er selt i More Woman-butikkar fleire plassar i landet, som her i Førde. Foto: More Woman Førde
Nytt

Starta året med kraftig inntektssvikt

Uviss framtid for 23 tilsette etter Møre Konfeksjon-konkurs. Fire butikkar stengt.

Marius Rosbach
31.01.2024

Tysdag blei det opna konkurs i i Møre og Romsdal tingrett i fire Møre Konfeksjon-selskap.

Gjennom fleire selskap har det vore produsert og selt kle gjennom fleire tiår i den tradisjonsrike bedrifta. No er det meldt oppbod for Møre Konfeksjon, Møre Konfeksjon Volda og Konfeksjonsindustri og Møre Konfeksjon Bergen.

Skiftesamlingane for alle selskapa går i Møre og Romsdal tingrett i midten av mars.

– Veldig omsetningssvikt
Dårleg lønnsemd og stram likviditet over fleire år ligg bak konkursane, går det fram av rekneskapane.

– Styreleiar har også opplyst at dei opplevde ein veldig omsetningssvikt etter nyttår, seier bustyrar Jørund Knardaltil NETT NO.

Selskapa har kring 8,3 millionar i samla gjeld går det fram av rettspapira. Verdiane er anslått å vere drygt 3,5 millionar kroner.

Rekneskapane frå dei siste åra viser at inntektene har gått nedover. Samla omsetning i 2022 var på kring 18 millionar.

Samtidig gjekk fleire av selskapa gått med underskot – og eigenkapitalen var tapt. Seinast i fjor blei gjeld til aksjonærane omgjort til aksjekapital i Møre Konfeksjon Volda-selskapet.

Fire butikkar har stengt dørene
Verksemda i selskapa var framleis i gong på konkurstidspunktet, men bustyraren fortel at det truleg ikkje er aktuelt å drive – til eksempel butikkane - vidare på ordinært vis.

– Det er noko av det vi skal ta stilling til, legg han til.

NETT NO fekk onsdag ikkje kontakt med styreleiar Magne Aarseth om saka. Til Sunnmørsposten seier han at alle dei fire More Woman-butikkane i Volda, Voss, Førde, Sogndal har stengt dørene.

Per no har framtida usikker for dei 23 tilsette.

Møre Konfeksjon-selskapet har ni tilsette, Møre Konfeksjon Volda har sju tilsette og i Møre Konfeksjon Bergen er det fem tilsette. I det minste selskapet Konfeksjonsindustri, er det to tilsette.

Generasjonsskifte og deling
Volda-bedrifta har røter tilbake til 1956. Då blei verksemda starta av Martin Aarseth og kona Brynlaug under namnet Møre Konfeksjonsfabrikk.

Sidan har det vore generasjonsskifte og deling av selskapet, som i dag er leia av 2. generasjon Magne Aarseth.

På 2000-talet blei Møre Design i Ørsta skilt ut frå bedrifta. Dei hadde i fleire år eigne butikkar, men er ikkje lengre i drift.

Produksjon i Kina og Estland
Tre av dei fire selskapa som no har meldt oppbod har adresse i Volda, men hovudkontor og utsal har dei siste åra halde til i Trico-bygget i Ørsta.

Det meste av produksjonen har skjedd ved fabrikkar i Kina og Estland, medan design, utvikling og prøvekolleksjonar har vore laga i Ørsta, ifølgje heimesida til kjeda.

I den første versjonen av denne saka stod det at selskapet hadde butikk i Bergen. Det er ikkje rett og feilen blei retta klokka 22.35 onsdag 31. januar.

Publisert: 31.01.2024 12:11

Sist oppdatert: 31.01.2024 22:37

Mer om