NPK: Utkast av torsk i det norske kystfisket med garn er under 1 prosent, fortel Havforskingsinstituttet.
Utkast av fisk er eit problem på alle hav, og ein reknar med at om lag 10 prosent av fangstane på verdsbasis blir kasta.
I Noreg er det forbode å kasta ut fisk. For å ikkje sløsa med verdifulle ressursar skal all fangst av fisk førast i land. Dette forbodet er ein grunnleggande del av forvaltninga av det norske fisket. Likevel skjer utkast, men ein har ikkje tidlegare visst i kor stort omfang.
Ei masteroppgåve ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen gir no svar.
– Estimeringane mine viser at gjennomsnittleg del utkast av torsk dei siste sju åra har vore under 0,73 prosent for fartøy under 15 meter som fiskar med garn i området Troms til Helgeland. Utkastet var generelt høgare i tredje og fjerde kvartal enn i dei to første kvartala, seier masterstudent Hilde Sofie Fantoft Berg.
No jobbar Berg ved Havforskingsinstituttet for å rekna ut utkast for heile norskekysten.
– Undersøkingane antydar at utkast av torsk i kystfiske med garn er lågt, og at dødstala som utkast representerer i dette fisket, ikkje bør ha stor innverknad på vurderinga av bestandane, seier Berg.

Publisert: 10.07.2019 08:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33