(NPK): Gjeninnføring av bonusprogram på innanriksflygingar har ikkje gjeve store konkurranseeffektar, viser analysar frå . Dei vil sjå etter moglege effektar på lengre sikt.
I mai 2013 vart forbodet mot bonusprogram på innanriksflygingar oppheva, og tilsynet melder at dei har følgt nøye med på konkurransen i innanriksluftfart sidan då.
Tilsynet meier at med mykje reise innanriks er det viktig for forbrukarane at konkurransen fungerer godt.
– Ut ifrå dei analysane me har gjort ser det ikkje ut som gjeninnføringa har gjeve store utslag. Likevel er det visse utslag som gjer at tilsynet meiner det er viktig å følgje nøye med på den vidare utviklinga, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.
Han meiner det er for tidleg å konkludere fordi effektane kan skje over ein lengre periode.
SAS og Norwegian har gjeve Konkurransetilsynet informasjon om ruterekneskap, bonusprogram og storkundeavtalar på eit utval innanriksruter. (©NPK)

Publisert: 30.11.2015 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49