Kort fortalt

Liten nedtur for teknologifag

Oljenedturen har ikkje før til studentflukt frå teknologifaga.

19.07.2016
(NPK-NTB): 8.694 studentar fått tilbod om studieplass på teknologiske fag i år. Kunnskapsministeren meiner vi treng kompetansen deira, også etter olja.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier det er som venta at færre vel petroleumsstudium på grunn av uvissa i oljebransjen, men peikar på at nedgangen for teknologifag generelt berre er på 2 prosent.
– Ungdom er generelt kloke. Dei skjønar at teknologi og realfag ikkje berre er olje og gass. Viss du er oppteken av det grøne skiftet, å handtera eldrebølgja eller ulikskapar i verda, så har alt det noko med teknologi å gjera, seier Isaksen til NTB.
Han er ikkje redd for å utdanna ungdom til arbeidsløyse, sjølv ikkje innan den kriseramma olje- og gassektoren.
– Olje- og gassnæringa er tydeleg på at dei ventar det kjem til å bli behov for folk i framtida, sjølv om dei ikkje skal tilbake på det nivået for sysselsetjing næringa har hatt dei siste åra, seier kunnskapsministeren. (©NPK)

Publisert: 19.07.2016 15:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45