Kort fortalt

Litt meir vatn i magasina

Auka med 6,3 prosent sist veke.

01.06.2022

Fyllingsgrada på dei norske vassmagasina auka førre veke med 6,3 prosentpoeng til 31,8 prosent.

Det skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i den vekevise statusoppdateringa si onsdag.

Magasina er framleis eit stykke under medianverdien for dei siste 20-åra, der fyllingsgrada har vore 45,3 prosent på tilsvarande tidspunkt.

I førre veke var det Nord-Noreg som hadde den høgaste magasinfyllinga, med 42,2 prosent, medan Vest-Noreg hadde den lågaste, med 19,6 prosent.

Publisert: 01.06.2022 17:55

Sist oppdatert: 01.06.2022 17:57

Mer om