Kort fortalt

LO og NHO samde om auka permittering

Erna Solberg lovar inga endring.

08.02.2016
(NPK-NTB): Utfordringane for delar av industrien gjer at NHO ber regjeringa om å utvide tilgangen bedriftene har til å permittere tilsette. LO-leiaren seier velkommen etter.
Oppfordringa kom frå NHO-direktør Kristin Skogen Lund under eit møte mellom regjeringa og toppane i arbeidslivet på Statsministerens kontor måndag.
– For nokre få bedrifter, der det er ein midlertidig svikt i etterspørselen, og der dei vil ha nytte av å kome tilbake på gammalt nivå, så hadde det vore ønskeleg med ei viss utviding, seier Skogen Lund til NTB.
– Det er hyggjeleg at NHO no er einige med LO. Men eg må beklage at vi er nøydde til å slepe dei etter oss, seier LO-leiar Gerd Kristiansen til NTB.
Statsminister Erna Solberg (H) lovar inga endring med det første:
– Vi har ikkje noko nytt standpunkt. På eit møte som dette, er vår rolle å lytte. Så får vi vurdere modellar som sikrar den mobiliteten vi treng, seier ho til NTB. (©NPK)

Publisert: 08.02.2016 17:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48